onsdag 8. august 2012

2-årsdag!

Før vi reiste av gårde på campingferie, vart, som seg hør og bør, 2-årsdagen til jenta vår feira to gongar.
Den første gongen i Florø, på sjølve fødselsdagen, og andre gongen heime i Bergen, tre dagar seinare. Vi var framleis hekta på Red Velvet Cake (innlegg om det og oppskift kjem seinare), så det vart det som vart bursdagskaka på begge bursdagane. Kvifor ikkje? Gjestane er jo ikkje de samme:)
For første gong i livet kjøpte eg ferdig kakebunn på butikken som eg trykte ut med eit stort glass slik at det vart eit høgt tårn oppå kaka. Dekka med krem tilsatt rosa fargepaste og non stop. Fort og greit, og søtt med lita kake oppå kaka - men det smakte ikkje særleg godt:)
Vi lagde gele oppi de små plastkoppane frå ikea, slik at kvar unge fikk sin eigen gele-kopp. Eg pynta med non stop her også; synes det vart veldig fint - også var det superpopulært hos ungane!
Også den "voksne" gele'en vart pynta. Neste gong må eg hugse å pynte tettare opp til selskapet; når det hadde stått nokre timar smelta non stop'pen litt og det vart ikkje fult så fint.
Gode, sprø knaskestenger med jordbærfyll - frå den thailandske butikken vi har ikkje langt frå her vi bur.
Bursdagsjenta og meg:)
Etter middag og kaker ville de store gutane hoppe på trampolina. Vi prøvde så godt vi kunne å unngå at Janna såg det - for da ville jo ho også opp. Det var umogleg å få til med de lykkehylene frå toppen - og her er prinsessa på veg opp, med kjole, blomst i håre og eg veit ikkje kva. It's my part and I cry if I want too!

Alle fire i familien har bursdag i første halva av året, så thats it med bursdagsfeiringar her med oss - i alle fall før 2013;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...