tirsdag 7. august 2012

Tante - igjen:)

I desember blir eg tante for femte gong:) Frå før er eg tante til fire jenter, så eg var SIKKER på at det vart jente denne gongen også.
Det høyrer vel med til historia at de gongane eg er sikker på kjønn har det så langt utan unntak vore det motsatte av det eg trudde. Dette innkluderer våre to små babyer også:)

Som eg gjorde sist det var eit nytt familiemedlem på veg kjøpte eg tre nøster og fann ei søt oppskrift som ligger klar til eg får melding om at babyen har komt - for så å strikke eit lite plagg med den nyfødte i tankane. Men denne gongen fikk eg vite kva det var før barnet kom - og det er ein liten GUT! Så stas! Da har eg god tid på å strikke eit par pittesmå selbuvotter som godguten kan bruke i vinterkulda. I sommar har eg hatt handarbeidfri (som eg har kvar sommar), men om ikkje lenge er alle de typiske strikkeprogrammene tilbake på TV og eg kan finne fram pinnane igjen. Eg gler meg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...