Skal vi ha tid til å tulle, snakke og le om morgonen må vi stå tidlegare opp! Klokka mi ringer 07:10, og aller helst ønskjer eg å vere på jobb kl.08:05. Det blir for knapt når storebror heller vil snakke enn å kle på seg. Og når lillesøster helst vil henge i beina mine når vi har komt inn på avdelinga. Og når de små vennane i barnehagen vil fortelje meg om de nye tøflane/bestemor som skal komme i helga/lillebror på den andre avdelinga.
Som sist veke er eg vekke på jobb/trening/teater kvar kveld denne veka. TRØTT mamma, TREIGE barn og kort lunte. Eg gjer gladleg opp ti minutter søvn for å ha ein betre morgon. Ein god morgon gjer ein god dag, nesten uten unntak! Så i morgon ringer klokka 07:00, og begge ungane skal kle på seg sjølve (og storebror skal slutte å klage over at det er for lite med eitt bad). Og eg skal utøve TOLMOD!
Einstemmig vedtatt. Møtet er heva.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!