tirsdag 12. august 2014

I aktivitet!

Når eg trenar ute brukar eg app'en Runkeeper. Den registrerar kor lang eg bevegar meg, kor fort, kor mykje opp og ned og reknar ut kor mange kalorier eg forbrenner. Det finnes mange slike app'er, og de er gode verktøy - og ikkje minst god motivasjon! August månad 2014 er og vil mest sannsynleg vere den månaden eg trener mest i heile år - og slik eg føler det no - i mange år framover. Det er 25 dagar til halvmaraton. Treningsmengden er i bratt bakke oppover no fram til veka før - da skal den god og vel halverast slik at eg på løpsdagen er tipp topp.

I går jogga eg 11,6 km i kuling. Det var motvind nesten heile vegen, avbrutt med medvindkast som nesten heiv meg ut i grøfta. Eg hadde heilt gløymt å ta med drikke, så da eg var heime igjen følte eg meg forferdelig! Det gjekk betre så snart eg hadde drukke ein liter vatn og spist noko, men kl.21:15 klarte eg ikkje å holde augene oppe lenger og måtte leggje meg. I natt vokna eg igjen og var tørst - så den feilen skal eg IKKJE gjøre igjen!

Runkeeperen min er frå seg av begeistring! I går sprang eg min lengste joggedistanse nokon sinne. Eg jogga lengst i oppoverbakke nokon sinne (350 høgdemeter), noko som var godt å sjå sidan eg følte at løypa eg tok i går var ein einaste oppoverbakke i - ja - motvind. Og eg klarte til og med å slå temporekorden min på distanser mellom 8 og 14 km! Akkurat den er eg overraska og ganske så stolt over. For ja. Det var noko så inni gampen med motvind!

Eg trenar Mallorca-style - tennis er gøy!
I dag kjenner ingenting av gårsdagens strabaser mot naturelementene. Ikkje ein gong gangsperre. Likevel er det godt at eg ikkje skal trene i dag, det var nesten ikkje gøy i går! I morgon skal eg ha 1.5 timer trening i terreng. Da skal eg ha med vatn!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...