onsdag 13. april 2016

Godt nok for de svina


Eg bruker ikkje å lese slike bøker, slike sjølvbiografiar skrive av mennesker midt i livet. Men det var noko ved denne som trigga meg da den kom ut, og no som eg fant den på Mammutsalget var det berre å slå til!

Det er godt nok - korleis vere jævla god utan å vere flink pike? Altså utan å stå i fare for å brenne ut. Korleis bestemme og vere komfortabel i vissheten om at dette er så lang eg strekker meg, og det er nok. Godt nok. Det er interessant. Også for meg som ikkje er leiar. Det handlar om jobb - ja - men også om ein livsfilosofi. Ingen tjener vel på at eit menneske brenner maks på alle områder heilt til det ikkje lenger er nokon brann. Tørre å prioritere. Våge å gjøre jobben til eit vist punkt, også seie at det var det. No er det bra. Bra nok. Det krever mot. Kunnskap nok til å prioritere rett. Argumentasjonen på plass. Pondusen.

I sterk kontrast står ein av de viktigaste lærarane eg har hatt gleden av å møte. Han sa alltid til oss, de små teaterspirene på dramalinja. "Det er bra. Det er JÆVLA bra. Men det kan alltid bli betre."

Ja, det kan det. Men lær deg å kill your darlings. Lær deg å velge. Knallhardt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...