torsdag 14. april 2016

Vårgarderobe

Annankvart år veks ungane utav alle klæra sine. Og det skjer samtidig sidan det er to år mellom de. H&M har jo størrelser som 4-6 år, 6-8 osv. I alle fall de klæra som ungane bruker no.

Plutselig er det eit jamnt svinn over heile linja. Noko forsvinner i posar til UFF etter at de er vaska, noko lar eg sirkulere litt til, men ser jo at det er jøyvannsbukser og gensere som ender midt oppå underarmen. Samtidig er det godt brukt tøy med flekkar som ikkje går vekk eller tøy som er vaska så mange gonger at det er gjennomsiktig. Fint - da kan vi la det gå!
Ser du trollet?
Derfor har eg den siste veka brukt ei lita formue på nye klær! Det er snakk om ein heil garderobe for to unger, og særleg barnehageungen er skitten når ho kjem heim kvar einaste dag. Da må vi ha litt bukser slik at det alltid er noko reint og tørt! Når det gjelder skuleungen er han overbevist om at sommaren har komt, så han kler av seg genser og sokkar overalt - så i går måtte han ta på seg litt sure sokkar før han gjekk på skulen sidan eg ikkje fann nokon andre. Kvar havnar alt??

Uansett! To av tre pakkar med klær er mottatt (eg bestiller alt på nettet, det er så mykje meir effektivt), innkludert vinterjakker til neste vinter som eg fikk til snill pris, og innesko til skulestart i haust, så i dag skal det vaskast slik at vi snart kan sette det i omløp. Ungane synas det er veldig gøy med nye klær, så da er det jo ekstra kjekt å shoppe til de. Også har det jo blitt litt til meg også, sjølvsagt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...