søndag 10. august 2014

Flekkefjord og Hidra

Etter 10 dagar med ferie i Sogn og Fjordane og 4 dager heime i Bergen, pakka vi bilen på nytt og køyrte sørover. Første stopp var Flekkefjord der vi skulle vere tre netter på Egenes Camping. Sidan vi ikkje skulle vere så mykje på campingen hadde vi leigd ei hytte utan vatn og toalett. Det hadde absolutt ingenting å seie; for sjekk ut utsikta vår!


Her ser du hytta - like ved ei eiga lita sandstrand! Stranda var open for alle, men det var kun vi som brukte den. Dette er luksus i tropeheten som var i sommar! Vi bada kvar dag, mykje eller lite, alt ettersom kva planane var.
Dette er feriekoppane våre i plast som vi har med oss på camping kvart år. I hytta hadde de den søte gryta.
Denne utsikta hadde vi altså frå verandaen på hytta "vår"! Heilt nydleg!!
Vi var i Flekkefjord saman med utflytta kjentsfolk, så vi vart invitert heim til familien deires på middag to kveldar. Eg lot meg imponere over avlinga de hadde i hagen - både epler, pærer, plommer, jordbær, agurk, tomat, stikkelsbær, rips og solbær!
Ein førmiddag tok vi ferja over til Hidra. Her gjekk vi opp på Høgåsen for å spise lunch. Denne dagen var det også steikande hete, men det var ein del vind, så det gjekk fint ann å gå den gode halvtimen oppover for å nå toppen. Og der venta oss ei utruleg utsikt:


Her oppe åt vi lunchen vår, og leika lenge i kystbatteriet som var her. Mange spanande ganger under jorda - vi storkosa oss! Vi gjekk etterkvart ned igjen og køyrte til "Isbua" for å kjøpe - ja - is.

Lillesøster og ein liten venn.
Flekkefjord var verkleg ei lita perle! Ekstra hyggleg var det sjølvsagt å vere saman med gode venner, og å treffe andre fine folk! Flott stopp på veg sørover! Måndags morgon var vi i bilen kl.08:00, og var framme på parkeringa ved dyreparken før parken opna kl.10:00. Bilderas frå dyreparken kjem! :)

lørdag 9. august 2014

Mi sommarleseliste

Dette har vore ein skikkelig lesesommar! Det har vore varmt og godt og vi har vore masse på stranda. Når ungane sitter i strandkanten og graver i sanden kan vi lese. Når ungane ser film midt på dagen fordi det er 33 varmegrader ute kan vi lese. Når ungane er i seng kl.20:30 og vi er på hytte utan TV kan vi lese.

Eg kom meg igjennom 7 bøker i sommar!Og på fire veker er det knallbra! Alle bøkene har vore gode, så flaks flaks flaks!
Den eg begynte på helga på Juvasshytta er Katherine Webb sin "En sang fra fortiden". Den la eg igjen på hytta til mamma og pappa der eg las den ut. Gode bøker havner vanlegvis i bokhylla hos meg, men det er eigentlig dumt. Gode bøker bør delast! Denne fikk altså mamma lest da ho begynte på ferie, og ho var like imponert som meg. God, god og overraskande bok!
Ver så god og takk for lånet av hytte!
 På hytta på Utviksfjellet satt vi i kveldssola og las kvar kveld. Vin og/eller øl i glasset. Gode, rolege sommarkveldar!
 Mamma hadde lagt igjen gåver til alle i hytta til vi kom. Eg fikk Karin Brunk Holmqvist si bok "Potensgiverne" som var ei morsom og varm bok. Den las eg ut på ein dag oppe på hytta; lett sommarunderholdning som har fått plass i bokhylla mi her i Bergen.
Sidan eg gjekk tom for bøker på Utviksfjellet fann eg denne klassikaren i bokhylla på hytta. Ernest Hemingway sin roman frå 1951 "Den gamle mannen og havet". Eg har ikkje lest Hamingway tidlegare, men slukte denne boka rått og skal utan tvil lese meir av denne mannen! Også dette verket vart lest på ein dag, men da skulle vi reise heim igjen dagen etterpå; så det var ok.

På hytte i Flekkefjord og på hotell i Kristiansand las eg norskamerikanaren Leif Enga si bok "Ned til elva". Dette var kanskje den boka eg likte minst av de sju eg las i sommar. Om ein likar amerikansk landsbygd, countrymusikk og western er denne boka midt i blinken! Eg har lite kunnskap og interesse, så det var fleire ting eg rett og slett ikkje skjønte. Boka gjekk rett inn på New York Times sin bestsellerliste, så det er mange som liker den. Berre ikkje meg. Men slutten var perfekt! - og gjorde at boka var verdt lesinga likevel.
I Jørpeland las eg nok ei bok på ein dag. Maggie O`Farrell sin tynne, men sterke bok "Hva skjedde med Esme Lennox" klarte eg rett og slett ikkje å leggje frå meg. Løp og kjøp! Eller lån på biblioteket! "Ned til elva" er alt levert til Fretex,  "Hva skjedde med Esme Lennox" har fått plass i bokhylla.
Sidan eg no igjen var tom for bøker, og ikkje hadde ei bokhylle eg kunne forsyne meg frå, kjøpte mannen "Inferno" av Dan Brown til meg. Den har vore på ønskelista ei stund, så det var veldig kjekt! For alle som har lest Dan Brown veit ein at det er korte kapittler og full handling frå side ein. Også denne gongen! Så de 480 sidene vart slukt på tre dagar. Av og til vart det nesten ein parodi på sin eigen genre, men absolutt ei leseverdig bok. Og faktisk ei bok til ettertanke. No er mannen min i full gang med den samme boka. Han har lest Jo Nesbø i heile sommar og var klar for noko litt annleis. :) Eg gler meg til å diskutere boka med han når han har lest den ut!
Desse er no hhv på nattbordet til mannen, på Fretex og i bokhylla.

Da vi kom heim måndags kveld hadde vi nesten ei heil veke igjen med ferie. Det blir ikkje like mykje lesing heime, men eg las faktisk ut ei siste bok på tampen av ferien, Anne B. Ragde sin "Jeg skal gjøre deg så lykkelig". Her nytt med litt espresso i bunnen av ein av de nye yndlingskoppane mine som eg kjøpte etter at vi hadde gått opp og ned frå Preikestolen i sommar. Denne boka var veldig interessant, godt fortalt (som alltid med Ragde), og fikk meg til å bite litt etter mannen; "Ikkje søren som eg skal hente eit glass vatn til deg. DET FÅR DU FAKTISK GJØRE SJØLV! Eg jobbar 100% eg også altså!" Ein kan bli litt usmakleg med andre ord, men det går over ;)

Eg er alt godt i gang med ny bok - ei god også denne gongen. Stay tuned!

fredag 8. august 2014

Urnes stavkyrkje og Bøyabreen

På ferien vår i heimfylket Sogn og Fjordane fikk vi verkleg nyte det beste av det beste - både med tanke på vær og omgivelser. På veg frå Luster til hytteferie på Utviksfjellet køyrte vi innom Urnes Gard og Urnes Stavkyrkje. På garden hadde de laga eigen kafe der de solgte mellom anna sjølvprodusert mat. Vi gjekk litt på bringebærslang der (fy!), så vi kjøpte ei krukke heimelaga jordbærsyltetøy før vi køyrte vidare. Den jordbærsylta trur eg er den beste eg har smakt! Deilig, deilig!

Tenk å bu slik da!


Stavkyrkja låg like ved garden, og faktisk på andre sida av vegen der eg tok bringebærbiletet over. Eg snudde meg rundt, og der var det slik:

Urnes Stavkyrkje er rekna som den eldste stavkyrkja i landet. Den er flott utsmykka, og er sjølvsagt pensum
om du studerer kunsthistorie. Sjå denne flotte veggen! Utsikta frå kykja og ned i Lusterfjorden er utruleg!
Sjølv om vi brukte ekstra timar på å komme oss hit var det vel verdt det! Vi tok ei lita ferje over til andre sida der vi køyrt over til Sogndal. Den ferja gjekk kun ein gong i timen, så vi hadde ikkje så veldig god tid til å henge rundt i området. Men flotte bileter og gode matminner vart det i alle fall!

På vegen vidare til Utviksfjellet køyrte vi forbi Bøyabreen. Vi viste ikkje at den låg der (eller at den eksisterte for den del), så dette var ei flott overrasking! De hadde til og med ein stor turistbutikk der som meir viktig solgte is. Vi hadde oss altså ein isstopp ved Bøyabreen medan vi satt og kryssa fingane for at nokon store isklumpar skulle dette ned. Det verka jo så rart med isbrear når det er 28 varmegrader!




torsdag 7. august 2014

Nigardsbreen

I sommar var vi på besøk hos familie i Luster, og ein skikkelig regnværsdag tok vi turen til Nigardsbreen som ligger i kommunen. Vi parkerte eit stykke unna og gjekk inn. Sidan det regna så mykje gjekk ikkje båten som vanlegvis fraktar turistar mellom parkeringsplass og breen.
De fleste elvane var gått langt over breddene sine, så vi holdt godt fast i hendene til ungane! Fleire stadar måtte vi bære de på ryggen også - det er ikkje alle støvler som er like høge :)

Ein gong i veka går svogeren vår denne stien for å vedlikeholde den. Storebror synas det var stor stas å vere med å flytte steinar og gjøre stien tryggare! Kjentmannen reagerte på mengden is i Nigardsvatnet - så mykje lause isklumper hadde han ikkje opplevd tidlegare. For oss var det skikkelig stilig å leike med store glassklare isformasjonar! Dette var også det nærmaste vi kom å ta i isbreen - grunna sjansen for kalving var det satt opp gjerde eit stykke unna brekanten.
Ved breen var det ei stor elv som rant ut frå undersida. Her kunne vi smake litt på brevatn også! Storebror drakk og drakk og drakk - det var knallgodt - og iskaldt!
Så nært, men ikkje lenger.
På den halvtimen vi brukte på å gå bort var det nesten ikkje regn, men da vi skulle snu å gå tilbake opna alle sluser seg! Da er det godt å ha lokale med på tur som berre kan ringe bårføraren som satt å venta på betre vær slik at han tok turen inn eins ærend for å hente oss :) Også fikk vi ein båttur også! Heldige!!

onsdag 6. august 2014

Utviksfjellet

Det er litt vanskelig å komme tilbake i bloggerutinene no etter sommaren. Eg har mange innlegg frå sommarferien vår som eg vil leggje ut, men finner ikkje inspirasjonen til å jobbe med de.

Hovudet er akkurat i dag ein månad fram i tid. 6.september skal eg jogge halvmaraton - og eg trener mykje. To ganger 10 dager "treningsfri" i sommar gjorde slik at eg vart satt litt tilbake, no jobbar eg ganske hardt for å komme dit eg var i begynnelsen av juli. Ein hard strekk i korsryggen etter intervalltrening sist fredag har ikkje gjort dette enklare. Og når eg har vondt heile tida er jo det også ein påminner om prosjektet mitt; og ein liten redsel for at eg skal skade meg skikkelig slik at eg ikkje får gjennomført. Det er mentale forberedelser som også tar mykje fokus. På den positive sida hadde eg ei knalløkt i går i nydlege 15 grader og litt vind. Eg jogga 8 km, men kjente igjen på kjensla eg hadde før sommarferien - at eg berre kunne jogge og jogge og alt var berre deilig! Eg kryssar fingrane for at den neste månaden blir ein god treningsmånad!

Eg leggjer inn bileter frå nydlege dagar på hytta til mamma og pappa på Utviksfjellet. Vi fikk låne den ei lita veke i juli - i knallvær!
Opp med vimpelen! Det er folk i hytta!
Med så mykje natur rett nedenfor trappa gjekk ikkje ungane tom for ting å gjere!
Kveldshimmel! Eg og mannen satt ute i solnedgangen og las bøker kvar kveld. Sjekk den utsikta! Kan knapt bli betre!
Like nedenfor hytta renner det ei elv. Den var liten no, og perfekt til å bade i!
Vi hadde med oss plastleiker som vi lot renne nedover. Eller så kunne jo vi renne ned! Naturleg vannsklie! :)


IHAA! SOMMAR!!
Temperaturen låg på mellom 28 og 33 grader kvar dag. Den siste kvelden før vi skulle reise heim kom det eit skikkelig tordenvær - nydleg med utladning! - og sjå på desse flotte skyene! Vi storkosa oss på hytta; og håper vi får lov å låne den igjen! :)

tirsdag 5. august 2014

Første dag på SFO

I går hadde storebror første heile dag på SFO. Han var der alt på fredag nokre timar, og var nesten umogleg å få med seg heim etterpå - SFO er GØY! Da eg henta han etter full dag i går sa han "eg trudde du hadde gløymt meg!" Friheten han opplever her framfor dagar i barnehagen gjør nok at dagen føles lenger. Men han hadde hatt det kjempefint - leika mykje med andre, og litt aleine.

Skulen begynner 18.august. Innan da er han godt kjent med området - her er skulen og SFO i samme bygg for 1.klassingane - og de andre 59 ungane han skal gå på same trinn med. Vi merkar alt fordelane med at han har spelt fotball med -08 i eitt år; han kjenner nesten halve trinnet frå fotballtreninga! Og sjølv om han ikkje kan navnet på alle er det trygghet i kjente andlet. Innkøyringa - om vi kan kalle dette for det - har gått smertefritt. Storebror er klar for forandring!

Og du må tru han er stor når han er med å leverer lillesøster i barnehagen om morgonen. "Ha det da. Eg skal på SFO eg!"
I går kveld kom det: "Det er mykje gøyare å gå på SFO enn i barnehagen! For på SFO kan vi gå inn og ut som vi vil!"

Ryktet seier at dagane vil bli meir strukturerte så snart skulen er i gang. Men enn så lenge lar vi kan nyte den nye friheita! Om det så betyr at dagane kjennes litt lange.

mandag 4. august 2014

Klar - ferdig - GÅ FOR SØREN!!!

Det er ikkje berre berre å komme seg tilbake til kvardagen. Eg trur ungane taklar det mykje betre enn oss. Vi er alt utslitte. Etter kun ein dag!

Vi trenger ein månad til med ferie. Alternativt trenger vi å ta oss sjølv hardt i nakken og brøle "GÅ FOR SØREN!" Her er det ingen kjære mor. Det blir ikkje resultater utan innsats!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...