![]() |
| Kveldssol etter kino på Sotra sist veke. |
onsdag 16. september 2015
Midtvekessolglimt
Etter berre to dager med regn er det nydleg å sjå sola igjen! Dessverre blir kvelden brukt på SU-møte i barnehagen, men før det er det fotballtrening for lillesøster og da kan eg stå med sol i andletet og nyte!
Flaks for meg at eg har møte i byn i dag, og kan velge å gå til og frå! Det betyr ein time i friluft med sol og god musikk på øyret; midt på dagen! Oh my! Her skal det ikkje glippaste på ein einaste solstråle!
tirsdag 15. september 2015
Blablabla
Av og til verkar det som om storebror synas det blir litt masse masing. Enten det, eller så synas han det blir for mange dumme spørsmål.
"Jamen, korleis klarte de å dunke ut den tanna da?" "Blablabla, han dytta borti meg, også datt den ut."
"Har du rydda rommet ditt?" "Blablabla, det veit du jo at eg har"
"Hah! Eg er jo verdens beste til dette! Eg har berre blablabla også vart eg knallgod!"
Eg synas han er så morsom når han seier det, litt sånn "det er framleis smakleg og litt fint, men skrur han det opp blir det usmakleg og påståeleg". Men eg ser at det smittar. Eg har tatt meg sjølv i å, i fleire enn ein gong, seie "blablabla" på arbeidsmøter! Herre min hatt - går det ann?
"Også tok eg kontakt med de, og blablabla, enden på visa er at det ikkje blir noko av"
Kven blir klokare av det? Og eg framstår i alle fall ikkje spesielt smart! Det er ikkje alt som er like fint når ein på 34 seier det, som når ein på 7 seier det.
| "Say what?" |
"Har du rydda rommet ditt?" "Blablabla, det veit du jo at eg har"
"Hah! Eg er jo verdens beste til dette! Eg har berre blablabla også vart eg knallgod!"
| "Blablabla" |
"Også tok eg kontakt med de, og blablabla, enden på visa er at det ikkje blir noko av"
Kven blir klokare av det? Og eg framstår i alle fall ikkje spesielt smart! Det er ikkje alt som er like fint når ein på 34 seier det, som når ein på 7 seier det.
mandag 14. september 2015
Planleggingsdag og VALG
I dag stenger de ned skule, sfo og barnehage for å bruke lokalene til valget. Vi stemte for nokre veker sidan, så dette er berre ein bonusfridag! Eg er veldig spent på resultatet av valget! Bergen kommune har mindre penger enn før, og da blir det veldig viktig for meg kva politikkarane vel å kutte. Kven som vinner valget har direkte påvirkning på arbeidsdagen min - så her må vi krysse fingrane!
Skulekvardagen er også viktig for oss, og tre av de fire neste åra har vi to unger i skulen. Korleis blir innholdet, og korleis blir skulebygget bevart? Stem folkens! Stem!

søndag 13. september 2015
Jeg vinket ikke, jeg druknet
Denne fant eg på hytta til mamma og pappa, og stjal den like godt med meg heim. No som eg har lest den kan eg sikkert gje den vekk, mamma sa at det var ei forferdelig bok!
Men eg likte den eigentlig. Den hadde ein fin innramming, og den foregjekk i Bergen på stader eg kjenner godt; og det gjør det jo om ikkje anna veldig lett å visualisere det som skjer. Den var litt mørk, men det opplever eg at nesten alle bøkene av Anne B.Ragde er. Innimellom var den veldig morsom, mørk morsom om det går ann! Hint av krim som eg likte, hmm, lurer på om eg bør begynne å lese litt meir krim.
Også var den finfin å lese i ettermiddagssola på verandaen. Men joggebukse, hotelltøfler og eit glass saft. Det har vore så fint med bra vær i august. eg har lest masse i sola de siste vekene! I dag er det litt mindre fint og vi vurderer å ta med ungane på den nye Karsten og Petra-filmen. Fin søndag folkens!

lørdag 12. september 2015
Adams matkasse
I august prøvde vi oss ei veke med Adams matkasse. Vi valgte 5 dagar Barnekasse, med oppskrifter til såkalla "barnevennleg mat".
Veka før kassa kom fikk vi mail om menyen og kva vi måtte ha i skapet. Boksen kom på døra i 20:30-tida på måndagen, og det var så masse godt inni!
Det er jo det vi aller mest sitter igjen med, at det er stor forskjell på råvarer - og her var det topp kvalitet på alt! Heilt supert! Med var også eit menyhefte. Vi lagde mellom anna minipizza, blomkålsuppe og sei med ostesaus. Det var tatt omsyn til at ting skulle gå fort, så det var ferdig raspa ost, posjonsposer med poteter og ferdig rensa fisk. Alt smakte godt og hadde det lille ekstra - MEN - det smakte lite. Ungane likte alt (utanom blomkålsuppa) og det var skikkelig mat, men eg sakna smak. Sei med ostesaus tar vi med oss vidare, men byttar ut sei med torsk.
Vi tar ikkje så veldig omsyn til ungane når vi lagar mat. Litt mindre chilli, men ikkje så mykje anna. No var det jo Barnekasssen vi bestilte, og eg er sikker på at de andre kassene har meir krydder og smak. Det var luksus å få maten på døra på denne måten, og som sagt var råvarene flotte! Vi har pausa abonnementet vårt, og ser ikkje vekk frå at vi bestiller igjen. Da går vi nok for ein av de andre kassene de har.
Adams matkasse - tommel opp!

fredag 11. september 2015
Kulturdag!
I dag er eg vekke frå hus og heim heile dagen - og det er ikkje ofte! For ein gong skuld kan eg vere med på lønningspils med jobben fordi eg halvanna time seinare skal representere kontoret på eit valgarrangement i sentrum.
Det er framleis stas å få spesielt invitasjon til store arrangement! Og det er aldri feil å spise og drikke, høyre på kulturdiskusjon - og SAMTIDIG få betalt! Fy fabian kor heldig eg er!
Det er Kulturnatt i Bergen, men enkelte kjem nok til å satse på ein tidleg buss heim etter ei lang veke og ein lang dag. Fredagskveldar er faktisk best i sofaen :)

torsdag 10. september 2015
Hes date
Storebror og mannen har hatt kvar sin runde med forskjølelse av typen som setter seg på stemmebandet slik at de har hatt hese og fine stemmer i fleire dager. Det beste har vist seg å vere is, da får de stemma tilbake litt. Heldigvis har de vore i god form, men det har hørtes ganske ille ut!
Eg har kjent at det har tjukna seg litt til i hals og nase her også, men håper immunforsvaret tar knekken på dette før det blir verre! I dag skal eg og mannen på date og sjå "Bølgen"! Han er drit redd for ras, eg er drit redd for vatn - dette blir bra! :) Først skal vi hente de nye spisebordstolane våre, og eg gler meg til å endelig ta "ferdig"-bileter av kjøkkenet og vise fram!
![]() |
| Stjålen te frå Alexandra Hotell :) Også fint for sår hals |
Abonner på:
Innlegg (Atom)